Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 12℃

Kalender

<<  April 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
     1  2  3  4
  5  6  7  8  91011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl

FJELLTURAR I EID KOMMUNE

Tur 1 : Ossetra, ca 1 t - 422 m.o.h. - merka


Start ved badeplassen i Osvika. Først på traktorveg over dyrka mark til raud lita løe v/grensa til utmark. Så går stien bratt opp Osberget. Over elva v/skilt rett før setra. Her kan ein gå vidare rett austover langs kanten til Skipenessetra, så vidare til Trollenyken. Eit anna alternativ er å gå til Dalssetra.

Tur 2 : Os - Ossetra - Skipenessetra


Følg stien til Ossetra, vidare på nordsida av vatnet forbi Osgjølet. Fin utsikt. Vidare langs kanten på god sti til Skipenessetra.

Tur 3 : Hunvikfjellet - Ossetra


Følg ruta til Veten, vidare til TV-sendaren. Følg ryggen austover i lett terreng til Dalssetra. Frå Dalssetra er det først litt myrlendt før ein kjem ned i ei bratt bjørkeli til Osvatnet og Ossetra.

Tur 4 : Hunvikfjellet (Hanshjellen) - Veten


Lett fin tur. Start frå vegen v/høgste punktet. Ta av frå kjerreveg etter ca 200 m. Først eit lite stykke på traktorveg, følg så stien gjennom skogen.

Tur 5 : Fossane


Her har du fleire alternative utgangspunkt for turen. Du kan starte heilt øvst i Myklebuståsen, ved bommen til anleggsvegen, og følgje denne oppover, du kan starte ved Smalebrua (via Prestemarka eller via Kvernhusvegen i Myklebuståsen) og følgje stien oppover langs Fargarelva (følg vegen eit lite stykke inn i Myklebuståsen, så finn du stien), eller du kan starte heilt nede frå gymnaset (til venstre på vegen mot Prestemarka, like etter rundkøyringa) og ta den betonglagde vegen opp mot campinghyttene og vidare opp langs Fargarelva. Følg anleggsvegen til han kryssar elva. Tydeleg sti rett fram.


Tur 6 : Skårhaugnakken


Start ved enden av vegen i Prestemarka. Først skogsveg vestover mot elva. Bru over elva I sommarhalvåret. God sti opp til Skårhaugsetra. Gamal steinhytte på toppen. Fint utgangspunkt for tur vidare til Gautevatnet. Lidavarden, Blåsvednyken og Tortenholvarden.


Tur 7 : Skipenes - Skipenessetra - Trollenyken ca 2 t - 898 m.o.h.


Start ca 100 m frå Skipenes bru. Traktorveg over dyrka mark. Stien er god og ruta er godt merka. Praktfull utsikt!!!


Tur 8 : Lote - Loteskaret - Bjørlovatnet - Nordfjordeid


Merka sti frå Lote til merkestein i skaret. Gamal ferdsleveg mellom Lote og Eid. Litt bratt opp frå Lote gjennom skogkledd li, langs/over lita elv/bekk til merkestein i Ytre Loteskaret. Litt bratt ned til myrlendt dal, så vestover til Bjørlovatnet. Her kan ein velje om ein vil gå ned til Bjørlobrekka eller vestover til Lotetunnelen.


Tur 9 : Bjørlovatnet


God sti frå Bjørlobrekka forbi Bjørlosetra.


Tur 10 : Rindehornet


Start ved Rindane. Same sti som til Hjellesetra. Ta av mot vest ved Skardet (høgste punkt på vegen når ein ser setra) Tydeleg sti heilt til toppen.


Tur 11 : Rindane - Hjellesetra - Holmen - Svartedalsvatnet - Vasslida - 486 m.o.h.


Start frå Rindane. Gamal setreveg frå ca 1940. I 1986 var det bygd ny veg frå Rindane. På Hjellesetra er der ca 35 hus fordelt på hytter, sel, fjøs og høylader. Setra var i bruk fram til 1990. Frå setra går det ein sti nordover dalen til Holmen som er eit myrområde med opne løkar. Følgjer ein dalbotnen vidare nordover kjem ein til ei jakthytte i Svartebettene. Vidare over Tverregga og bratt ned lia til Svartedalsvatnet. Ein kan gå på begge sider av vatnet og vidare ned til fylkesvegen ved Vasslida, stien her er lite tydeleg.


Tur 12 : Tua - Myklebuståsen


Start ved E39 ved Liasetra/Tua. Lett, fint terreng forbi Hjellesetra og vidare vestover til Alsakersetra. Vidare er det skogsveg. Dette er også ein fin skitur.


Tur 13 : Løsethornet - 1032 m.o.h.


Start ved Rindane. Forbi Hjellesetra. Ta av ved elva frå Svartevatnet, vidare austom Steinvasshornet til utløpet av Langevatnet. Lett og kupert terreng.


Tur 14 : Vedviknibba - 729 m.o.h.


Ca. 200m på fylkesvegen etter parkeringsplass i krysset mellom fylkesvegen og vegen til Leivdal går ein kjerreveg til venstre. Følg denne forbi ei utløe, god sti vidare. 150-200 m etter passering av høgspentmast tek du stien til høgre. Herifrå er stien delvis tydeleg. Delar av turen går i bratt lende. Fin utsikt over Eidsbygda frå toppen.


Tur 15 : Kviane- Norsetra


Følg skogsveg til enden, stien held fram på vestsida av elva opp til setra. Kan også gå frå Nor. Ta av frå skogsveg etter ca 200 m, så oppetter lia, kryssar elva og kjem inn på den før nemnde stien frå Kviane.


Tur 16 : Nes - Nessetra


Gå opp frå campingplassen, ta til venstre på oppsida av bøgarden og følg den 150-200 m til du har kryssa elva (Storelva). Stien går oppover på austsida av elva.


Tur 17 : Hornet 719 moh.


a) Frå Hamneset ca. 1 ½ t: Parker ved hovudvegen, gå gardsveg vest/oppover til gardshus. Stien finn du litt austafor/ovanfor tunet, den er brukbart synleg. Gå austover/oppover til Hamnessætra (ei hytte ved ein hammar), og fortset oppover. Stien her er ganske god, først litt bratt, så opnare og slakkare terreng etterkvart.

b) Frå Skareide ca. 1 ½ t: Frå Sørland gardsveg mot Skareide, ta av frå vegen i vestlegaste sving. Lett terreng vest- og oppover, tidvis bra sti til Hamnessætra. Vidare som for alternativ a).

Tur 18 : Maragjølssetra


Ta av frå hovudvegen v/ Skauset. Følg skogsvegen ca 1 km mot aust. Ta av på sti mot aust frå skogsvegen, der den har ein skarp sving mot vest. Dette er utgangspunkt for vidare tur til Hennesvartegga og Glerene, og austover til Kvenndalsvatnet.

Tur 19 : Holmøyneset - Sætrefjellet - Glitteregga
Parkering ved Grendahuset eller tømmerplass. Sti mot Holmøysætra og vidare til snaufjellet, lett å finne trygg veg vidare. Glitteregga 1297 moh.


Tur 20 : Holmøyvik - Holmøyskaret


Gamal ferdaveg og tømmerslepe frå Hornindalsvatnet og gjennom Holmøyskaret mot Randabygda i Stryn. Ved inngangen til skaret kan ein gå til høgre mot Glitteregga, Parkering på skogsvei ved Vikaelva.

Tur 21 : Storeggja - 968 m.o.h.
Same rute som til Ljøsuregga. Ta av til venstre før Kjenndalsvatnet. Stien er ikkje merka.

Tur 22 : Harpefossen - Slåttefjellet - Fossane - 909 m.o.h.
Start på Harpefossen. Gå over brua ved fjellstova og følg skogsveg forbi Tippasetra og Nakkesetra. Stien frå Nakkesetra er godt synleg til ca. 700 m.o.h.

Tur 23 : Svartevatnet (Brekka)
God, flat sti. Etter nokre få minutts gange i lett terreng kan ein få naturoppleving i eit område som er skjerma frå menneskelege inngrep.

Tur 24 : Hjelmelandsvarden (Hafsåsvarden)
Alt 1:
Start frå sagbruket og følg gardsvegen forbi Bakkegardane. Når du kjem til utmarka ved ei grushole, tek du av til venstre på ein gamal veg. Når denne endar er det ingen sti. Ein må gå i terrenget slik ein finn det best.

Alt 2: Start frå Heida, setra i Remmedalen. Avkøyringa i Remmedalen er merka med skilt.

Tur 25 : Brattebakken


Start ved søre enden av Setrevatnet. Langs vestsida av vatnet til Frislidsetra. Midt i Brattebakken, nord for elva som kjem frå Ingridalstjønna vart det sommaren 1997 sett opp ein bauta til minne om siste bjørnen som vart skoten i Heggjabygda i 1898.

Tur 26 : Blåfjellet - 758 m.o.h.
Start frå søre enden av Setrevatnet. Rett sørover til Holtane, vidare vestover til toppen. Fint utgangspunkt for tur til Lindvikdalen eller Tua.

Tur 27 : Åsebønakken
Gamalt vardepunkt. Start på skogsveg frå Åstøda/Åsebøstøl ca ½ t.eller frå Grendahuset på Melheim ca ¾ t.

Tur 28 : Kvitegga - 1114 m.o.h.
Start v/brua over Raudgrøtelva, ca 2 km aust for Øvre Heggjasetra. Gå over myrområdet og vidare oppover langs Møreelva til Litlevatnet. Sving mot vest her og følg ryggen oppover mot toppen.

Tur 29 : Hoplandsstøa - Kvanndalsvatnet - Indre Hennesvartegga.
Parkering ved skogsveg, og på slette mot Hornindalsvatnet, god sti gjennom skogen.

Tur 30 : Hoplandsstøa - Kvanndalsvatnet - Ladehaug.
Same rute som nemnd ovanfor, Frå Kvanndalsvatnet sti ned til garden Ladehaug. Kan her hentast med bil.
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK