Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 0℃

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
14
23
28    

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl


laurdag 25. september 2010 12:31

Setrevandring på Sevlandsetra

Terese og Rita inviterer deg til å vere med på Sætrevandring på Sevlandsætra søndag 26.september. Vi møtast ved Varmestova på Harpefossen kl.1200, for dei som vil køyre innover. Dei som vil spasere inn må gjerne gjere det, men då bør dei nok starte å gå litt før...
Vi spanderer sveler og kaffi, og har med oss kjentmann Arnulf, som vil fortelje historier frå sætredrifta før i tida.
Publisert i Nyhende
torsdag 17. juni 2010 10:04

Jonsokfeiring på Harpefossen

Laudag 19. juni frå klokka 12:00 blir det stemningsfull og fin jonsokfeiring på Harpefossen, med mykje moro og mange aktivitetar.
Stikkord: Setrevandring, rømegraut og spekemat, riding, hesteskokasting, downhillsykling, dans til musikk av Geir Holmen.
Heile programmet for dagen og kvelden finn du på www.harpefossen.no
Publisert i Nyhende
torsdag 17. juni 2010 10:00

Generalforsamling i skisenteret

Måndag blei det halde generalforsamling i Harpefossen Skisenter AS. Det var berre vanlege årsmøtesaker på saklista, og sidan heile styret blir sitjande eit år til, og rekneskapen for 2009 viser eit pent overskot, blei det eit kort og effektivt møte. Årsmelding og rekneskap finn du på www.harpefossen.no
Publisert i Nyhende
laurdag 05. juni 2010 07:22

Byggjestart på Kjenndalsheisen

Harpefossen skisenter: Anleggsmaskiner har vore i sving ei stund med vegbygging til den nye Kjenndalsheisen. Denne veka blei tomta til heishuset gjort klar, og måndagskvelden var eit arbeidslag i gong med å setje opp forskaling for å gjere klart til støyping av fundament.
Publisert i Nyhende
laurdag 29. mai 2010 10:14

kr 5000,- til Marthe og Bjarte

På Harpefossen har vi hatt ein konkurranse i Alpinorientering gåande det meste av sesongen, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Konkurransen har gått ut på å finne postar som har vore plassert ut rundt om i alpinanlegget, og svare på spørsmåla på desse postane. 
Les meir på www.harpefossen.no
Publisert i Nyhende
fredag 02. april 2010 09:19

Lang skjærtorsdag på Harpefossen

Harpefossen skisenter: Det blei ein lang skjærtorsdag for Oddgeir, Bjørn, Arvid, Jon, Kjell og fleire andre gode hjelparar etter at lageret i vendehjulet på H-fjellheisen havarerte midt på dagen i går. Dette lageret har hatt unormalt kort levetid, noko vi har mistanke om skuldast ein skade på vendehjulet etter eit tidlegare lagerhavari. Sjølv om det var helgedag i går, klarte Bjørn å spore opp at skisenteret på Ørskogfjellet hadde eit pent brukt tilsvarande vendehjul liggande, og i 23-tida i går kveld var dette hjulet på plass i garasjen her på Harpefossen.
Les meir på www.harpefossen.no
Publisert i Nyhende
torsdag 25. mars 2010 11:12

Vi er klar for påska

Harpefossen.no: Harpefossen toppar ikkje lenger lista over skisenter med mest snø i landet, slik vi gjorde for ei veke sidan. Men fortsatt har vi rikelig med snø både oppe i fjellet og nede i lavlandet, med ei kraftig sole kunstsnø i botnen og store haugar med kunstsnø i reserve, om det skulle minke somme stader, så vi er klare til å ta imot alle som ynskjer å bruke påska til aktivitetar på ski eller snøbrett.
Publisert i Nyhende
tysdag 16. mars 2010 11:11

Fotokonkurranse på Harpefossen.no

Harpefossen skisenter: Vi veit at mange av våre gjester her på Harpefossen har med seg fotoutstyr og knipsar mange fine bilete når dei besøkjer skisenteret. Vi kan godt tenkje oss å vise fram mange av desse bileta, og inviterar hermed alle til å vere med i ein fotokonkurranse.
Publisert i Nyhende
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK