Harpefossen skisenter: Det blei ein lang skjærtorsdag for Oddgeir, Bjørn, Arvid, Jon, Kjell og fleire andre gode hjelparar etter at lageret i vendehjulet på H-fjellheisen havarerte midt på dagen i går. Dette lageret har hatt unormalt kort levetid, noko vi har mistanke om skuldast ein skade på vendehjulet etter eit tidlegare lagerhavari. Sjølv om det var helgedag i går, klarte Bjørn å spore opp at skisenteret på Ørskogfjellet hadde eit pent brukt tilsvarande vendehjul liggande, og i 23-tida i går kveld var dette hjulet på plass i garasjen her på Harpefossen.
Les meir på www.harpefossen.no



















