Dagen startar med fellessamling og felleskor for deltakarane. Vidare skal dei ha eit myldretorg med mange ulike tilbod som barna kan vere med på. På myldretorget vil m.a Sirkuslinja ved Fjordane Folkehøgskule på Eid delta med mykje forskjellig!
Samlinga vert avslutta med ein open konsert kl. 16.00 i Kultursalen, der barna vil framføre deler av musikalen: ”Latterskrinet” som er skreve av Hogne Moe. Denne musikalen har eit innhald som både barn og vaksne vil kjenne seg att i.
Arrangørane har med seg dyktige musikarar under leiing av Jarle Grotle og ein framifrå dirigent med mange års erfaring med store kor og store framsyningar fleire stader i landet Jorunn Bakke Nydal. I tillegg vil fleire klovnar og dansarar stæ føre mange overraskingar!

fredag 19. mars 2010 15:19
BARNEFESTIVAL for Sogn og Fjordane! Song og sirkus i Operahuset Nordfjord!
Skrive av Astrid Grete
Sogn og Fjordane KFUK-KFUM inviterer til ei storsatsing for barn frå heile fylket i Operahuset Nordfjord i morgon 20/3. Gjennom mange år har dei arrangert 2 festivalar i Førde og på Eid. I 2010 er alle samla til ein festival her på Nordfjordeid. Arrangørane ventar 195 barn frå heile fylket til Eid. Publikum kan få høyre desse framføre deler av musikalen: ”Latterskrinet” av Hogne Moe. Det skjer i Operahuset Nordfjord i morgon laurdag kl. 16.00.


















