Firda Tidend - Stor sprengkraft

Firda Tidend: Sjukehussaka kan ikkje berre sprenge sund Sogn og Fjordane fylke, men kan også bli ei bombe under det store raudgrøne prosjektet. Å utfordre folk flest på eit so vitalt område som helse og tryggleik er ein politisk ekstremsport. Vi har lenge åtvara om kva kraft som ligg i denne saka, det er større personar enn den som køyrer den no som har fått røynt det tidlegare.


















