Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 6℃

Kalender

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
1415161719
232426
30   

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl

måndag 06. februar 2012 11:59

UKM Eid 2012 - vidare til fylkesmønstringa

Skrive av Astrid Grete

Over 300 publikummarar opplevde søndag kveld Ungdommens kulturmønstring (UKM) Eid i Operahuset Nordfjord. Om lag 100 ungdommar stod på scena i totalt 27 innslag. Juryen har hatt ei svært vanskeleg oppgåve med å plukke ut kven som skal representere kommunen på fylkesmønstringa i Operahuset 20. - 22. april.


- Det var eit veldig høgt nivå på alle. Vi er spesielt imponert over dei yngste, mønstringa viser at Eid har ei lovande kulturell framtid. Det var mykje song og dans på UKM Eid, vi sakna litt meir variasjon med til dømes teater og akrobatikk, seier juryen etter endt dyst. Thea Tryggestad, Benedicte Sætre, Ole Kristian Hanebrekke, Kristina Kostopolous og Torild Natvik utgjorde juryen.

Dei legg til: - Vi hadde eit veldig vanskeleg val og skulle gjerne kunne teke ut fleire. To av dei som går vidare har skrive låten sjølv, og alle viste god formidlingsevne.

Svein Nesbakk har teke flotte bilete frå UKM lokalmønstringa. Bileta kan du sjå her

Følgjande går vidare til UKM Sogn og Fjordane:
 
SCENE:
 Tore&Aleks som song og spelte den sjølvskrivne låten In my eyes
Deltakarar: Aleksander Raftevold (18 år - piano, vokal), Tore Haraldsen (18 år - gitar)
Tore og Aleks elskar musikk og har spelt saman i mange år. Dei har skrive mange songar saman og spelar i gruppa The Last Province.
 
Oselie Henden (10 år) som song My heart will go on av Celine Dion
Deltakar: Oselie Henden (10 år - sang)
Oselie er ei sprudlande og aktiv jente frå Nordfjordeid. Ho spelar fotball, handball og går skiskyting, spelar piano og er aspirant i skulemusikken. Oselie er svært glad i å synge, og har venta lenge på å bli gamal nok til å kunne vere med i UKM.

U Nork som framførte den sjølvskrivne låten Today

Arnt Herman Hagen har skrive teksten og bandet har skrive melodien.
Deltakarar: Andreas Bergset (15 år - Trommer), Arnt Herman Hagen (16 år - gitar vokal), Tore Haraldsen (18 år - gitar), Øyvind Starheimsæter (19 år - bass)
U Nork er eit nystarta band. Alle har spelt musikk ganske lenge, og er veldig allsidige.

Asbjørn, Agnes og Maren som framførte låten Without You av Usher / David Guetta
Deltakarar: Agnes Pavelich (15 år - Vokalist), Asbjørn Hagen (15 år - Piano/vokal), Maren Holmgren (15 år - Vokalist)

UTSTILLING:
 Ørjan Ryland (16 år) med spraybileta "Når snøen har smelta" og Einsemd"
Ørjan byrja med spraymåling vinteren 2009 og har elles brukt sommarane på skaping av desse bileta. Kjekt med ein hobby ikkje "alle" driv med, ein får vist fleire sider ved omgrepet "kunst". Spraymåling er kunst av sprayboksar og eit utval teknikkar som inneber m.a. avispapir og blomsterpotter.

Aurora Vidnes (14 år) med den sjølvskrivne novella "M.J.W."
Aurora er ei jente på 14 år som likar å skrive. Ho las dikt på UKM, og både diktet og novella vart også stilt ut. 
 

Legg til kommentar


Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK