Næringshagane i Leikanger og Nordfjordeid, Fram Flora og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har gjennomført 4 rundar med etablerarprogrammet Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane. Ein har til no hatt eit tilbod til dei som er i startfasen.
No er tida klar for å fokusere på verksemder med potensiale og ambisjonar om vekst. Huldra VEKST er starta som ei vidareføring og er for selskap som ønskjer å vekse, som er etablert og som har potensial og ønskje om vidare utvikling og med mål om å tilsette fleire. Kvinnovasjon VEKST skal, som namnet seier, ha fokus på vekstforhold, oppfinansiering, marknadsutvikling/bedriftsutvikling, internasjonalisering og organisasjonsutvikling.
Første samling vart nyleg starta, der 11 personar for 10 verksemder var tekne opp i programmet. Dei har alle verksemder med mykje potensial og vil gjennom dei tre samlingane i programmet jobbe fram ein strategiplan.
Ofte startar ein verksemd aleine og nettverk er ein viktig effekt av slike satsingar, i ein slik fase er det viktig å ha fleire å spele på og sparringspartnarar ein kan drøfte utfordringar og vegval med.
”Sogn og Fjordane trenger verksemder som er villige til å vekse og skape fleire arbeidsplassar” – seier prosjektleiar Marit Gjerstad.
I dei siste åra har det vert ein jamn etablering av verksemder der ei kvinne står bak. I eit fylke som vårt er det utrolig viktig at ein har fokus på dette og at ein kan tilby slike satsingar som Kvinnovasjon, då nettopp Sogn og Fjordane manglar kvinner, og dei må ofte starte si eiga verksemd om ein ønskjer å flytte hit. Prosjektet har gode støttespelarar i SIVA og Sogn og Fjordane Fylkeskommune og prosjektadministrasjonen vonar det blir fleire rundar med VEKST satsing.
Fakta frå www.kvinnovasjon.no

fredag 27. januar 2012 12:15
1. samling Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane, Huldra Vekst
Skrive av Astrid GreteKvinnovasjon er eit landsoppfattande satsing frå Kommunal og regional departementet for å auke delen kvinnelege etablerarar til 40 % innan 2013. Satsinga er kanalisert gjennom SIVA ( www.siva.no ) som nyttar sitt utviklings- og innovasjonsnettverk til å gjennomføre satsinga (næringshagar og kunnskapsparkar). Sjå og www.kvinnovasjon.no/sogn-og-fjordane


















