Vi bryr oss om alle og då har vi ingen å miste.
Difor vil Kreative Kvinner prøve å engasjere sambygdingane til å bli aktive refleksbrukarar, ved å gje dei ei spanande og positiv oppleving i haustmørkret.
Løypa endar i eit stemningsfullt opplyst område i Jektehola der det blir servert gratis kakao og kakemenn (så langt behaldinga rekk). Som ei sjølvfølgje vil Kreative Kvinner også gje ut refleks og norke minilommelykter ved opninga (så langt behaldinga rekk).
Sett av ein times tid denne kvelden og bli med og få ei kreativ oppleving av refleksen sitt potensiale!!!
SLAGORD: VER VIS; VIS!

Fredag 11.11.11. klokka 17.00 arrangerer Kreative Kvinner eit storslagent refleksprosjekt ved Hærmuseet og Jektehola. Vår nybakte ordførar , Alfred Bjørlo står for den offisielle opninga av arrangementet med snorklipp ved telebygget. Det vert ei orienteringløype med refleksutstilling i form av foto, installasjon, skulpturar, sanselege opplevingar og spanande performance!

















