NRK Sogn og Fjordane melder no i føremiddag om eit arbeidsuhell under ei heimevernsøving i Eid. Personen skal ha komme i klem mellom to bilar ved Firda kaserne, og vart send til sjukehus med luftambulanse.
Tilstanden er førebels ikkje kjend.
Politiet etterforskar saka, og arbeidstilsynet er varsla.


















