Terese og Rita inviterer deg til å vere med på Sætrevandring på Sevlandsætra søndag 26.september. Vi møtast ved Varmestova på Harpefossen kl.1200, for dei som vil køyre innover. Dei som vil spasere inn må gjerne gjere det, men då bør dei nok starte å gå litt før...
Vi spanderer sveler og kaffi, og har med oss kjentmann Arnulf, som vil fortelje historier frå sætredrifta før i tida.


















