Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 0℃

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
14
23
28    

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl


måndag 16. august 2010 09:29

Offisiell opning av Gymmen scene og studio - Ope hus på opningsdagen

Skrive av Astrid Grete
Offisiell opning av Gymmen scene og studio - Ope hus på opningsdagen foto: Gunn Guddal
Ein gamal gymsal er omgjort til boltreplass for ungdom og andre som driv med musikk og annan kultur. Torsdag får alle høve til å sjå dei flotte lokala, når Gymmen Scene og Studio på Nordfjordeid offisielt opnar med omvisning og gratis rockekonsert.
Gymmen skal vere dei unge sin boltreplass, og fleire rockarar er klare til å booke øvingstid i den gamle gymsalen. I kjellaren er studioet klar til bruk, her kan ein også gjere opptak frå det som skjer både på scena i Gymmen og Operahuset Nordfjord.

Nysgjerrig?

Torsdag ettermiddag inviterer Malakoff Rockfestival, Eid vidaregåande skule og Malakoff Rockfestival til ope hus i Gymmen. Då kan alle nysgjerrige og interesserte få sjå forvandlinga av den gamle gymsalen som arkitekt Oddleiv Hauge står bak.
Mange hundre har vore innom dørene allereie, som under Ungdommens kulturmønstring, på Teaterkompaniet Nordfjord si debutframsyning og på konserten med Ingrid Olava før Malakoff Rockfestival.

Gratis rockekonsert
Om kvelden blir det gratis konsert med heile tre rockeband: Genetic Rhythm, Serious Jokers og Tripod. Genetic Rhythm er sett saman av Arnt-Herman Hagen, Andreas Bergset, Simen Hjelmeland og Asbjørn Hagen. I Serious Jokers finn vi Aleksander Hopland, Aleksander Raftevold, Arne Hjelle Strand, Espen Aaland og Tore Haraldsen. Tripod blir veteranar i denne samanhengen, med dei utflytta eidarane Åge Solheim, Espen Bjørnholt, Stein-Inge Torset Øien og Knut Arne Lillestøl.

Aktive ungdommar

Fleire av musikarane skal i aksjon tidlegare på dag, under arrangementet med inviterte gjester og minikonsert for elevane ved Eid vidaregåande skule. Aleksander Raftevold står for den offisielle opninga i tillegg til å spele saman med Tore Haraldsen, i tillegg deltek Simon Pavelich, Sigrid Myklebust og Arnt-Herman Hagen.
På gjestelista til den offisielle opninga finn vi mellom anna eldsjeler som har stått hardt på for rockescena, som Joakim Myklebust, lokalpolitikarar, representantar frå fylkeskommunen. Dei skal få høyre historia bak Gymmen og sjå seg grundig rundt i lokala.

Stort potensiale
Potensialet for dei nye lokala er stort. Enkeltmusikarar, band, kor, spelemannslag, korps og så vidare kan gjere opptak med topp utstyr i studioet. I hovudetasjen har dei tidlegare arrangementa vist at Gymmen scene er eit glimrande konsertlokale for alle typar musikk, samt teater og annan scenekunst. Teaterkompaniet Nordfjord blir faste leigetakarar i tillegg til lokale rockeband.

4,5 millionar
Fleirbrukslokala er eit samarbeid mellom Malakoff Rockfestival, Eid vidaregåande skule og Eid kommune ved Operahuset Nordfjord. Det er samla inn om lag 4,5 millionar kroner frå stat, fylke og kommune. Joakim Myklebust og Ottar Schanke Eikum kom med ideen for om lag fem år sidan då dei var aktive i Malakoff Rockfestival. Målet er å gje ungdommane ein boltreplass og rockarane ein stad å utfalde seg heile året.

Legg til kommentar


Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK