
Prosjektgruppa for oppføring av ballbinge ved Haugen skule jobbar med å skaffe eigenkapital til bingen. Haugen idrettslag og Bygdekvinnelaget ønskjer å bidra økonomisk til prosjektet. Men prosjektet treng ytterleg eigenkapital. Privatpersonar og bedrifter som ønskjer det kan vere med å gje eit bidrag.


















