
Dette er eit av dei nye trondheimsbanda som har gjort seg bemerka med eksplosive livekonsertar. Som mellom anna resulterte i at dei vart årets Zoom-urørt vinnar og skal turnere rundt med The Pink Robots no i vår.
15. April slepp dei debutplata ”Never Mute Noise Just Turn Down Sleep” – og forventingane er store. Konsertane deira gjer oss sikre på at både låtane og framføringane til bandet lovar veldig godt – ein vert ikkje skuffa! Musikken kan beskrivast som hardcore-rock. Det er slik vi vil ha det!


















