
NM-langbane i Pirbadet i Trondheim er over for denne gong. Totalt vart det fem medaljar på tidlegare noregsmeister Sander Smørdal (25), medan Daniel Ommedal (18) sette ny personleg rekord på nesten alle øvingar han deltok på.
Smørdal, som i fjor vart Noregsmeister på 50m fri, både på kort- og langbane, fekk det ikkje heilt til å stemme i Pirbadet denne helga. Sjølv om eidaren fekk med seg to sølv- og tre bronsemedaljar er han ikkje heilt fornøgd. Det er ikkje nødvendigvis plasseringane han er misfornøgd med, men resultata utifrå eigne målsettingar.


















