Jarle Åsebø
E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Det blir julegrantenning med kafe på Stårheim søndag 28.11. kl 15.00.
Etterpå går vi til Fram der vi har laga til førjulskafe med mykje god mat og drikke, og god basarstemning med åresal og fine gevinstar på bok.
Etterpå går vi til Fram der vi har laga til førjulskafe med mykje god mat og drikke, og god basarstemning med åresal og fine gevinstar på bok.
Publisert i
Nyhende
Terese og Rita inviterer deg til å vere med på Sætrevandring på Sevlandsætra søndag 26.september. Vi møtast ved Varmestova på Harpefossen kl.1200, for dei som vil køyre innover. Dei som vil spasere inn må gjerne gjere det, men då bør dei nok starte å gå litt før...
Vi spanderer sveler og kaffi, og har med oss kjentmann Arnulf, som vil fortelje historier frå sætredrifta før i tida.
Vi spanderer sveler og kaffi, og har med oss kjentmann Arnulf, som vil fortelje historier frå sætredrifta før i tida.
Publisert i
Nyhende
Tagga under
Laudag 19. juni frå klokka 12:00 blir det stemningsfull og fin jonsokfeiring på Harpefossen, med mykje moro og mange aktivitetar.
Stikkord: Setrevandring, rømegraut og spekemat, riding, hesteskokasting, downhillsykling, dans til musikk av Geir Holmen.
Heile programmet for dagen og kvelden finn du på www.harpefossen.no
Stikkord: Setrevandring, rømegraut og spekemat, riding, hesteskokasting, downhillsykling, dans til musikk av Geir Holmen.
Heile programmet for dagen og kvelden finn du på www.harpefossen.no
Publisert i
Nyhende
Tagga under
Måndag blei det halde generalforsamling i Harpefossen Skisenter AS. Det var berre vanlege årsmøtesaker på saklista, og sidan heile styret blir sitjande eit år til, og rekneskapen for 2009 viser eit pent overskot, blei det eit kort og effektivt møte. Årsmelding og rekneskap finn du på www.harpefossen.no
Publisert i
Nyhende
Tagga under
Harpefossen skisenter: Anleggsmaskiner har vore i sving ei stund med vegbygging til den nye Kjenndalsheisen. Denne veka blei tomta til heishuset gjort klar, og måndagskvelden var eit arbeidslag i gong med å setje opp forskaling for å gjere klart til støyping av fundament.
Publisert i
Nyhende
Tagga under
Arbeidet med å fornye gamle og dårlige vassrør i det kommunale vassverket på Stårheim er no i gong. Les meir og sjå bilete på www.starheimsbygda.no
På Harpefossen har vi hatt ein konkurranse i Alpinorientering gåande det meste av sesongen, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Konkurransen har gått ut på å finne postar som har vore plassert ut rundt om i alpinanlegget, og svare på spørsmåla på desse postane.
Les meir på www.harpefossen.no
Les meir på www.harpefossen.no
Publisert i
Nyhende
Tagga under
Harpefossen skisenter: Det blei ein lang skjærtorsdag for Oddgeir, Bjørn, Arvid, Jon, Kjell og fleire andre gode hjelparar etter at lageret i vendehjulet på H-fjellheisen havarerte midt på dagen i går. Dette lageret har hatt unormalt kort levetid, noko vi har mistanke om skuldast ein skade på vendehjulet etter eit tidlegare lagerhavari. Sjølv om det var helgedag i går, klarte Bjørn å spore opp at skisenteret på Ørskogfjellet hadde eit pent brukt tilsvarande vendehjul liggande, og i 23-tida i går kveld var dette hjulet på plass i garasjen her på Harpefossen.
Les meir på www.harpefossen.no
Les meir på www.harpefossen.no
Publisert i
Nyhende
Tagga under


