Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 0℃

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  9
1416
23
28    

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl
måndag 31. mai 2010 08:20

Ny vassledning på Nygård og Manseth

Arbeidet med å fornye gamle og dårlige vassrør i det kommunale vassverket på Stårheim er no i gong. Les meir og sjå bilete på www.starheimsbygda.no
Publisert i Nyhende
onsdag 11. november 2009 15:57

Norsk rekord av Sander Smørdal

Tysdag førmiddag sette Sander Smørdal ny norsk rekord på 100 meter fri under eit World Cup-stemne i Stockholm.

Sander fekk tida 48,40 og knuste med det den 19 år gamle rekorden til Jan Inge Melberg (48,95) med 55 hundredelar.

Publisert i Nyhende
onsdag 11. november 2009 15:55

Uhell under HV-øving

NRK Sogn og Fjordane melder no i føremiddag om eit arbeidsuhell under ei heimevernsøving i Eid. Personen skal ha komme i klem mellom to bilar ved Firda kaserne, og vart send til sjukehus med luftambulanse.

Tilstanden er førebels ikkje kjend.

Politiet etterforskar saka, og arbeidstilsynet er varsla.
Publisert i Nyhende

Fredag 13. november vert det arrangert kulturnatt i Nordfjord, og for Eid kommune er hovudbasen for arrangementet i Operahuset Nordfjord. Møt opp, og få ein smakebit av noko av Eid kommune sitt rikhaldige kulturliv! Ein fin mogleheit til å flytte "fredagkosen" ut av stua heime!

Publisert i Nyhende
onsdag 11. november 2009 15:45

Eid Formannskap held møte den 12.11.2009

Eid Formannskap held møte den 12.11.2009.

Publisert i Nyhende
onsdag 11. november 2009 10:36

Snøkanonene er i gong!

Vi har gått og trippa for å kome i gong med snøproduksjonen siste dagane, og i ettermiddag var temperaturtilhøva såpass bra at vi starta opp kanonene i "kuldegropa" nederst i anlegget. Her ligg temperaturen rundt 5 minusgrader.

Med såpass høg luftfuktighet vi har no, og høgare temperatur oppover i bakkane, er forholda for snøproduksjon i grenseland, men vi reknar med at kvikksølvet kryp litt nedover utover natta, og då vil utbyttet i form av snø bli større.

LES MEIR: www.harpefossen.no

Publisert i Nyhende

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK