Banner
Banner
Banner
Nordfjordeid 1℃

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  9
1416
23
28    

Kart

Kart

Siste nytt frå

fbl
nrkl
dfl

Eidaportalen

Arrangement 

Tittel:
RENT - skulemusikalen 2010
Kor tid:
14.03.2010 19.00 - 21.30
Lokale:
Operahuset Nordfjord - Nordfjordeid
Kategori:
Scene

Skildring

ÅRETS SKULEMUSIKAL - RENT
Billettsalet har starta.
Du får kjøpt billettar på www.operahuset.no


Dato: 12.,13. og 14.mars 2010. Publikum har ein kjempesjanse til å oppleve eit meisterverk ”live” i Operahuset Nordfjord. Rent er inspirert av operaen La Boheme og har fått fleire prisar, mellom anna den gjeve Pulitzerprisen. Musikken er rørande og flott!
Eid vidaregåande skule har valt Rent som årets skulemusikal fordi vi har ei veldig spesiell gruppe ungdomar her i år, og vi hadde lyst til å gi dei eit utfordrande stykke. Dei har store talent!
Stykke handlar om livet, kjærleik og venskap, om å vere i stand til å nyte livet trass i vanskar som oppstår, spesielt for dei som er litt annleis. Vi har ein transvestitt, et lesbisk par, eit homofilt par, og folk som er HIV-smitta og rusavhengige.

Dei 20 elevane som står på scena , har takla utfordringane på ein framifrå måte! Berre  det å syngje ein vel 2 timar lang  rocke-opera er ei utfordring i seg sjølv. Men også i tillegg å vere i stand til å leve seg inn i desse skikkelsane som lever eit liv som er så mykje annleis enn livet i ei lita vest-norsk bygd, gjer jobben endå meir vanskeleg!

Publikum ein sjeldan sjans til å oppleve eit meisterverk ”live” her i  Operahuset Nordfjord.

Elevane sjølve har valt å framføre stykket på orginalspråket engelsk.

Musikken er for det meste i rock og pop genren, men det finns ein tango som skal syngjast og dansast. Musikken er rørande og flott!

Gå ikkje glipp av sjansen til å oppleve dette fantastiske stykket framført av våre eigne utrulege talentfulle ungdommar. Det blir lagt ned mange hundre-tals timar med hardt arbeid før teppe går opp i mars!

Rent er inspirert av operaen La Boheme og har fått fleire prisar, mellom anna den gjeve Pulitzerprisen. Musikalen vekte reaksjonar då den v art sett opp på Broadway, sidan aids, hiv, rus og homofili står sentralt. Publikum kan gle seg til å møte ungdomar frå Alphabet City, der fattigdom og hiv er ein del av kvardagen. Rollefigurane er ei lett blanding av homofile, transvesittar, heimlause og slitne kunstnarar som strevar med å få til livet. Men midt opp i alt dette finst det venskap og kjærleik.

 

pris: 265/115kr

Lokale

Arrangementstad:
Operahuset Nordfjord   -   Webside
Gateadresse:
Sophus Lie veg 1
Postnummer:
6770
By:
Nordfjordeid
Land:
Land: no

Skildring

Operhauset Nordfjord er kulturhuset på Nordfjordeid.

Siste kommentarar

Eidaportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK